Datafilosofi

Vår datafilosofi er enkel. Ingen data er perfekt. Du må kjenne dataens avgrensingar for å kunne nytte den på ein god måte. Dette er kva compareFish tilbyr. Informasjon om korleis dataen er generert. Dette er, sørgjeleg nok, ein stor fordel jamført mot andre dataleverandørar.

Grunnproblemet er at dei fleste mennesker ikkje likar å svare på undersøkingar, og kvifor skulle dei? Det finst ingen grunn til det. Som oftast ser ein ikkje ein gang resultatet. Dei som velgjer å svare er ei utvald gruppe og det gjer at mange resultat er upålitelege. Nokre gangar tilbys det pengar for å svare på undersøkingar, men også då er det ei utvald gruppe som velgjer å svare.

Comparefish vil gjere det annleis. Vi kjem til å la brukarar byte informasjon. For å sjå undersøkingsresultat og stille spørsmål til andre brukarar må du svare på nokre tilfeldige spørsmål. På denne måtenbidrar du til eit undersøkingsresultat. Dei som nyttar compareFish kjem igjen til å vere ei utvald gruppe, men ei anna gruppe enn kva dei fleste dataleverandørar tilbyr. Igjen, ingen data er perfekt.

Mange dataleverandørar gir ikkje informasjon om kor mange personar undersøkinga vart sendt til. Dei fortel ikkje korleis dataen er produsert. Det verste eksempelet vi kjem på er ein viss korrupsjonsindeks som er mykje anvendt innan samfunnsvitenskap. Føretaket som sel dataen fortel kun at det er «nasjonale ekspertar» som svarar, og ikkje meir. Du veit ikkje ein gang spørsmåla som vart stilt! Vi er ikkje nøgde med å anvende slike data, og det burde ingen andre vere heller.

CompareFish kjem til å fortelle. Vi kjem til å fortelle kven som er våre brukarar på eit aggregert nivå, slik at du kan tolke dine data på ein fornuftig måte. Vi fortel kor mange som har svart på eit spesifikt spørsmål.